Konferansierer: Harald Ellingsen
Foreløpig program. Meir informasjon kjem fortløpande.
08.30
Velkommen.
Trygve Apeland, Time kommune.
Ida Jaarvik Hetland
100 oppturar på Jæren
Ida Jaarvik Hetland er 35 år, brynebu og trebarnsmor. Ho er utdanna siviløkonom frå New York, og har tidligare jobba for FN og KPMG. Nå jobbar ho i Innovasjon Norge.
I 2021 skreiv Jaarvik Hetland«Jærsk Turbok» – ein boksuksess som har fått heile fylket ut på tur for å oppdaga jærske perler.
Bjørnar Tollaksen
Grensesnitt
Bjørnar Tollaksen starta programvareselskapet Grensesnitt i Høghuset på Bryne i 2018, med seg sjølv som einaste tilsett. I dag teller Grensesnitt 13 ansatte og leverer skreddersydd programvare til store og mellomstore aktørar i Rogaland og Noreg.
Bjørnar sin draum er å skape eit sterkt fagmiljø på Bryne som er nasjonalt anerkjend innafor sitt felt.
Kjetil Njærheim
Envirex Group
Pia Warland
Innovation Dock
Nils-Henrik Stokke
Innovation Dock
Terje Eide
Nordic Edge
Inge Brigt Aarbakke
Aarbakke
Inge Brigt Aarbakke er CEO i Aarbakke AS som produserer subsea- og brønnboringsutstyr for oljeindustrien. Bedrifta har sine røter tilbake til då bestefaren til Inge Brigt i 1918 starta å lage hestesko. Inge Brigt investerte i sin fyrste CNC-maskin i 1981, og siden har Aarbakke AS vakse til å bli ei velkjend hjørnesteinsbedrift på Jæren.
I dag består Aarbakke familien av fleire bedrifter som alle jobbar mot målet om å bli verdas mest bærekraftige leverandør til industrien. I 2021 vann dei prisen for årets bedrift i Stavanger-regionen, samd prisen for “Årets Smarteste Industribedrift” i Noreg.
Siv Elise Seland
Woodling
Siv Elise Seland er dagleg leiar og designar hos Woodling as. Ho har designutdanning frå TEKO Center DK og Ma i Fashion design frå Marangoni i Milano. Ho har designa iiS Woodling kolleksjonane sidan 2006 og har blitt nominert til designprisen “Nåløyet” to gonger.
iiS Woodling relanserte som Woodling juli 2022 med ny og oppdatert profil og logo. Woodling blir distribuert til motebutikkar over heile landet, og i tillegg via eige utsal og nettbutikk. All produksjon har tidligare blitt leieprodusert på tradisjonelt vis i utlandet, men i samarbeid med Harald Mjølne blei det hausten 2021 investert i topp moderne 3D-strikkemaskinar og prosessen med å etablera eigen produksjon er nå godt i gang.
Harald Mjølne
Sandnes Garn
Harald Mjølne er adm. dir. i Sandnes Garn AS. Han er utdanna ingeniør og jobba mellom anna i Statoil og Bryne Mekanikk før han starta som teknisk direktør i Sandnes Garn i 1998.
I 2000 kjøpte han selskapet og tok over som adm. dir., og investerte og fornya heile maskinparken i løpet av dei neste 20 åra. Mjølne og Sandnes Garn gjer stor suksess med å produsere og selje håndstrikkegarn i Noreg og utlandet, og har klart dette ved hjelp av meir automatiserte maskinar som sparer manuell dyr arbeidskraft.
Mjølne er nå involvert i ein investeringsprosess hos iiS Woodling kor dei jobbar med å få i gang produksjon ved hjelp av 3D-strikkemaskinar.
Ørjan Zazzera Johansen, forfattar
Garborg si aha-oppleving
Atle Jerstad, Glødefisk
Bryne sin identitet
Linn Falck, Kolumbus
Berekraftig transport på Jæren
Linn Falch er avdelingsleiar for By og konsept i Kolumbus, ei avdeling som har ansvar for Hjem Jobb Hjem, Bysykkel og bildeling.
Personlig brenn Falch for mobilitet, samarbeid, gode løysningar og at vi som region skal lykkast med å gje det beste, mest sømlause og effektive mobilitetstilbudet vi kan til våre innbyggarar.
– Innovasjon og pilotering er viktige punkt for at vi skal lykkast med å finne dei løysningane som passar best for oss. Eg tenker at mobilitet utfordrar siloane – og krever at det offentlige og private saman finn svaret på korleis folk i Rogaland kan bevega seg oftare uten eigen bil.