BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

Velkommen til Bykonferansen 2023 

Svolten på meir?

Ein matnytting bykonferanse med utfordringar og inspirasjon på menyen.

Korleis påverkar den økonomiske situasjonen i verda næringslivet i regionen? Kor går vegen for idrettsbyen Bryne, og korleis kan me leva og bu meir berekraftig?

Dette er noko av det me vil utforska under Bykonferansen 2023 torsdag 9. november på Bryne kino.

I tillegg til inspirerande og tankevekkande føredrag, får du treffa spennande folk frå kommune- og næringslivet. Det er tid til drøs både før programmet startar, i pausane og under lunsjen.

Etter sjølve konferansen er det trerettars middag på Hotell Jæren med moglegheit for mingling med både kjende og ukjende.

Bykonferansen 2023 vert arrangert av Bryne Næringsforening, styringsgruppa for byutviklingsprosjektet og Time kommune. Har du spørsmål om konferansen kan du ta kontakt med oss på telefon 51 77 60 00 eller e-post bykonferansen@time.kommune.no

Byutviklingsprisen vert delt ut under Bykonferansen.

Tidlegare vinnarar av prisen:

2022 – Harald Gudmestad
2021 – Magnus Rommetveit
2020 – Ikkje delt ut
2019 – Brix
2018 – Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling
2017 – Mellombels Ølstove
2016 – Brynes Vel
2015 – Arnfinn Vigrestad
2014 – Bryne kro og hotell
2013 – Ikkje delt ut
2012 – Kjøkkenet
2011 – Hans Ree
2010 – Ståle G. Haaland
2009 – Lauritz Bellesen
2008 – Alf I. Haaland
2007 – Jærdagen
2006 – Ikkje delt ut
2005 – Terje Hamre

2004 – Gunn Auglend Nedrebø
2003 – Reier Carlsen