Ein matnyttig bykonferanse med utfordringar og inspirasjon på menyen.
Dato: Torsdag 9. november 2023
Stad: Bryne kino og Hotell Jæren
Programmet vert oppdatert fortløpande
Veronica Simoné Fjeld
Den prisbelønna journalisten og komikaren er dagens konferansier og losar oss gjennom årets bykonferanse.
08.30
Velkommen
ved kommunedirektør i Time,Trygve Apeland
Kulturelt innslag
ved Kulturbanken
Aron Espeland
Opningsinnlegg med meirsmak
Aron kjem frå ein matglad familie på fem frå Bryne, kor fire av fem er kokkar. Aron gjekk i lære hos stjernekokk Bent Stiansen, og har allereie vorte olympisk- og verdsmeister i kokkekunst. Nå har den ambisiøse kokken nye, høge mål.
Silje Haus-Reve, Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger
Pulsen på Jæren
Silje Haus-Reve forskar på innovasjon og regional utvikling. Ho er førsteamanuensis ved Handelshøgskulen ved Universitetet i Stavanger, og leiar avdeling for innovasjon, ledelse og markedsføring same stad.
Med doktorgrad og over eit tiår i forskninga si frontlinje hos SINTEF og Senter ved Innovasjonsforskning, NORCE/UiS, har Haus-Reve fingeren på pulsen når det kjem til dynamikkene som formar vår region.
Helene Holm, prosjektleiar Egersundregionen
Å setta seg på kartet
Prosjektet «Egersundregionen» har samla nesten 40 bedrifter og 4 kommunar under ein paraply. Saman fortel dei historiane som gjer at studentane vel å koma heim igjen, samtidig som dei viser fram spennande arbeidsplasser og auker stoltheita til innbyggerane.
Prosjektleiar Helene Holm kjem til Bykonferansen for å dela vinnaroppskrifta.
Meir program kjem i denne bolken.
Ordførar i Time kommune
Idrettscampus Bryne
Presentasjon av den nye idrettscampusen som strekk seg frå Trallfavegen til Kong Håkons veg.
Arvid Vistnes, prosjektleiar Time kommune
Dei nye hallane
Prosjektleiar Arvid Vistnes presenterar nye Bryne storhall som står klar ved årsskiftet, samt planane for den nye symjehallen i Trallfavegen.
Karina Fløysvik Hæåk
Færre forskjellar i fotballen
Karina Føæysvik Hæåk spelar på Bryne FK sitt A-lag og brenn for å lyfta jente- og kvinnefotball. Målsetjinga er å minsa forskjellane mellom herre- og kvinnefotball, og ta eit oppgjer med haldningane som legitimierer forskjellane.
Draumen hennar er at jenter og gutar – på lik linje, kan ha ambisjonar om å verta profesjonelle fotballspelarar.
Representant frå Bryne tennisklubb
Tennisfeber
Meir info kjem.
Kristine M. Stensland, kulturjournalist i Stavanger Aftenblad
Eit lett fordøyeleg Bryne-kåseri (kan innehalda spor av nøtter)
Kristine M. Stensland kåserer om heimstaden ho elskar. Men den ein har ein nær og forpliktande relasjon til, lærer ein å kjenna på både godt og vondt. Eit måltid er best om det er balansert, så også dette kåseriet.
Stensland var næringslivsjournalist i Stavanger Aftenblad i tre år før ho i vår melde overgang til kulturavdelinga i same avis. Ho har blant anna studert språk og retorikk. I ein del år budde ho litt her og der i Norge, før ho fann ut at det var like greitt å flytte heim att.
Guro Elgheim Sivertsen, direktør for bærekraft i Sparebank 1 SR-Bank
Ubønhøyrlege dilemma
Guro Elgheim Sivertsen har jobba meir enn 15 år i finans, og er overbevist om at bransjen må spela ein nøkkelrolle om me skal lukkast med omstillinga. Men bærekraft og grøn omstilling er ikkje rett fram – det er fullt av dilemmaer, og me må alle spela på lag for å koma fram til løysningar som er gode for menneske, natur og samfunn. Elgheim Sivertsen snakker om desse dilemmaa, og korleis dei treff oss på Jæren.
Frits Kverneland, leiar for berekraft og miljø, NorEngros
Berekraft med jærske augo
Frits Kverneland jobbar til dagleg med berekraft i NorEngros Kjosavik, og har ein mastergrad i energi, miljø og samfunn i sekken. Med brennande interesse for både berekraft, lokalt næringsliv og jærsk drivkraft, skal Kverneland presentera berekraft med jærske augo.
Roy Klungtvedt, markedssjef Ineo Eiendom
Å bu grønt
Korleis kan me laga bustadar og boligområde som er gode å bu i, samtidig som dei er mest mogleg miljøvenlege?
Det har markedssjef i Ineo Eiendom, Roy Klungtvedt, fleire tankar om.
Elsa Djuve Jerstad, rektor Bryne ungdomsskule
Å forhindra drop-out
Elsa Djuve Jerstad har vore rektor på ungdomstrinnet sidan 2012. Ho brenn for at elevane i Timeskulen skal oppleva fagleg og sosial mestring, og ønsker at alle elevar skal få lyst på livet og evna til å mestra det.
På Bykonferansen vil ho snakka om kva konsekvensar drop-out frå vidaregåande skule har for samfunnet og den enkelte, og korleis Timeskulen jobbar for å redusera at elevar droppar ut.
Tore Kristiansen
Viktigheita av inkludering
Tore Christiansen er gründer, filantrop, investor og konsernsjef for SFF Gruppen. Han er også hovudaksjonær og styreleiar i ishockeyklubben Stavanger Oilers. SFF Gruppen har vore ei foregangsbedrift innan inkluderande arbeidsliv sidan oppstarten på 90-talet, med Christiansen som primus motor.
Det brennande engasjementet han har for inkluderande arbeidsliv og samfunnsengasjementet generelt, vert også spegla i Stavanger Oilers.
Prisen vert utdelt av ordførar i Time.
Bli med på ein herleg middag på Hotell Jæren med moglegheit for mingling med både kjende og ukjende.
Trerettar meny komponert og laga av prisvinnande kokk Aron Espeland.
Stand up-innslag ved Veronica Simoné Fjeld.
Det er mogleg å reservera heile bord på førehand om ønskeleg.