BRYNE.NO
Se alt som skjer på Bryne »

BYKONFERANSEN 2018

Kva er Bykonferansen på Bryne?

Fredag 15. november går Bykonferansen 2019 av stabelen i nye Bryne kino. I år vil me setja søkelyset på kva potensial som ligg i det å vera byen, eller “hovudstaden”, i ein region – og korleis me best kan utvikla og realisere dette potensialet.
Bryne er ung som by, og audmjuk i denne rolla. Me vil lytta og læra.

Difor vil me invitera ressurspersonar frå ulike samfunnsområde til å meina noko om Bryne og korleis me som by kan utvikla oss sunt og berekraftig i åra som kjem. Logistikk, næring, kultur, “smartby” ­– innfallsvinklane er mange.

Tema for årets konferanse er: Byen på Jæren

Bykonferansen på Bryne er den viktigaste møteplassen for alle som er opptekne av framtida for og vidareutviklinga av Bryne og regionen. På Bykonferansen møtest næringsliv, organisasjonar, offentlege organ og privatpersonar til spennande foredrag og god drøs.

Bykonferansen vert arrangert av Time kommune i samarbeid med styringsgruppa for byutviklingsprosjektet.

Har du spørsmål eller innspel til Bykonferansen, tar du kontakt med næringssjef Reidar Hebnes på +47 975 87 654 eller Reidar.Hebnes@time.kommune.no

Kven får Byutviklingsprisen i 2018?
Statuttar for Byutviklingsprisen:

  1. Time kommune kan dela ut ein pris, Byutviklingsprisen, som er ei påskjønning til enkeltpersonar eller firma som på ein spesiell måte har markert seg positivt i utviklinga av Bryne.
  2. Juryen skal bestå av leiar i Bryne næringsforening, styreleiar i Brynes Vel og næringssjefen i Time kommune. Næringssjefen er leiar for juryen.
  3. Prisen er eit kunstverk laga av Karen Erland og eit diplom.
  4. Byutviklingsprisen skal delast ut av ordføraren på den årlige Bykonferansen, som vert arrangert av Time kommune.

Styringsgruppa i Byutvikling kan gje juryen innspel til kandidatar.

Tidlegare mottakarar av Byutviklingsprisen
2017 – Mellombels ølstove
2016 – Brynes Vel
2015 – Arnfinn Vigrestad
2014 – Bryne kro og hotell AS
2013 – Ingen utdeling
2012 – Kjøkkenet Bryne AS
2011 – Hans Ree – Tjemslandbygget
2010 – Staale Grude Haaland
2009 – Lauritz Bellelsen
2008 – Alf Inge Haaland
2007 – Jærdagen
2006 – Ingen utdeling
2005 – Terje Hamre – Forum Jæren
2004 – Gunn Nedrebø – Gunns stil
2003 – Reier Carlsen